Ureist meny

På garden har me utegåande ullgris, wagyu, spælsau og villsau, og fokuset er å levera gode opplevingar med nærleik til naturen og dyra. Vår spesialitet er «tre frå Træ», som me serverar i selskap og lag ein meny med tre kjøttprodukt frå eigen gard. I gardsutsalet som ligg under løa kan gjester også koma innom for å kjøpe med seg lokale spesialitetar heim. Ta kontakt for gjeldande meny, me endrar den etter årstid og behov.

Selskapslokale

I den nyrestaurerte løa er det opna festlokale, perfekt for gardsbryllaup, jubileum og firmafestar i lune omgjevnader med mykje historie. Lokala tek ein så langt som 100 år tilbake i tid, med reiskap og bilete som er hengt opp i baren. Løa tek opp til 80 personar til matservering, og ein får smake kjøt og råvarer produsert på garden. Me har også eit uteområde med plass til 50 personar med bord og benker like utanføre på tunet.

Baren

Baren i låven blei tidlegare brukt til mjølkekyr, og er ein stad for opplevingar med minner frå garden 100 år tilbake i tid. Her har me hengt opp det meste av bilete og reiskapar, samt ein god avslappa belysning som skapar flott stemning og atmosfære. Interiøret i baren er naturressursar frå garden.

Uterom

Det er et overbygget uteområde som høyrer til lokala. I utserveringa er både bord og benkar laga av tre frå garden. Her kan ein nyte sol og omgjevnader med lydar frå dyra i alle retningar.

Lurar du på noko, berre ta kontakt!