Trægården

Trægården ligg frå Suldalslågen til Rossheinibba, 747 meter over havet. Her kan du leige selskapslokale, nyte mat frå garden og overnatte i koselege hytter i nærleiken.

Selskapslokale

I den nyrestaurerte løa er det opna festlokale, perfekt for gardsbryllaup, jubileum og firmafestar i lune omgjevnader med mykje historie. Lokala tek ein så langt som 100 år tilbake i tid, med reiskap og bilete som er hengt opp i baren. Løa tek opp til 80 personar til matservering, og ein får smake kjøt og råvarer produsert på garden. Me har også eit uteområde med plass til 50 personar med bord og benker like utanføre på tunet.

Ureist mat

På garden har me utegåande ullgris, wagyu, spælsau og villsau. Fokuset er å levere gode opplevingar med nærleik til natur og dyr. Vår spesialitet er "tre frå Træ", der me serverer selskap og lag ein meny med tre kjøttprodukt frå eigen gard. I gardsutsalet som ligg under løa, kan gjester også koma innom for å kjøpe med seg lokale spesialitetar heim.

Hytteutleige

Tilhøyrande garden har me også to hytter som går under namna Kløv og Fjellro. Kløv er ei villmarkshytte med 15 soveplassar fordelt på seks soverom og to bad, medan Fjellro har 10 soveplassar og eit bad. Begge hyttene er ein fem til sju minuttars køyretur frå Sand sentrum og ligg tett på eit rikt turnettverk.

Lurar du på noko, berre ta kontakt!