Dyra

Alle dyra våre går ute og lev i naturskjønne omgjevnader tett på naturen. Dyra søkar kontakt for både kos og kraftfor. Me har dei nært til oss, og er innom dei fleire gonger til dagen. Gjennom sommaren bytter me beite og på vinteren forer me ekstra med høyballar som me har produsert gjennom sommaren. Val av dyr har vore viktig for oss, ikkje berre det at dei klarar lamming og kalving sjølve, men også smak og tilbereiing betyr meir enn slaktevekt for oss. Ein grunntanke er at både menneske og dyr skal lev godt her.

Wagyu

Wagyu er ein storferase frå Japan, og er kjent for fin marmorering og det eksklusive kjøttet. I 2019 overtok me besetninga til Norsk Wagyu Senter som var dei første til å ha oppdrett på denne rasen i Noreg. På garden har me både rein wagyu og ei krysning mellom wagyu og angus. Kyrne har store heiebeite dei kan bevege seg rundt i, samt er det byggja eit ammekufjøs. Me brukar «no fence» - teknologi på dyra våre, slik at me kan passe godt på dei over store områdar.

Ullgris

Ullgris eller Mangalitasvin. Dette er ein svinerase frå Ungarn, og kjenneteiknet er kruset hår som liknar ull. Mødrene er mørke og ungane er stripete. Dette er ein hardfør rase som likar seg best ute. Dei har tre små hus som dei kan trekke seg inn i, når dei ikkje er ute å grav etter mat. Utanom det dei finn sjølv, har me vore så heldige å få frukt og grønt frå nærbutikken samt matrestar frå ein restaurant som me også gir til dei. Kjøttet til ullgris har meir marmorert fett, men derfor også ei mykje betre smak.

Spælsau

Spælsau er ein orginal norsk sauerase, som gjer store og fine lam. Denne sauerasen er også hardfør, og trivs godt både på beite og i heia. Frå spælsau får man både fine saueskinn ein kan kjøpe hos oss, samt ei god marmorering i kjøttet.

Lurar du på noko, berre ta kontakt!