Historia

Det heile starta med fire sauer gitt i ei 40-års gåve. Ti år etter den varme overraskinga er eg nå fulltidsbonde og har med meg mange flinke folk på laget.

Eg har alltid hatt ei tilknyting til Suldal, far min er frå nabogarden. Etter mange helge – og feriebesøk var det heller ikkje vanskeleg for meg å ta valet når garden på Træ kom for sal. Eg har mykje erfaring frå kundebehandling, restaurant, hotell og salsbransjen samt stor interesse for jakt og mat resulterte det i ei solid tanke om å opne opp for gardsturisme og arrangement. Utgangspunktet har alltid vore å ta godt vare på dyra slik at me også kan tilby kjøtt av høg kvalitet.

Kontakta med dyra og naturen er berre fantastisk og dagane våre startar tidleg. Når hunden sleppes ut om morgonen vaknar sauene til liv og begynner å breke. Deretter settar grisane i og hylar etter mat. Til slutt stemmar kyrne i koret – eg er jo berre utroleg heldige som får driva med det eg gjer!

Velkommen!

Helsing Lasse