Selskaps
lokale

Me har nyrestaurert låven, og behaldt gammal kledning innvendig med godt isolert og ny kledning utvendig. Her er det mykje lys og varme, som passar til alt frå bryllaup, konfirmasjonar, jubilear, teambuilding, samt firmafester og anna sosialt samvær. Me kan ta imot gjester opp til rundt 80 personar til matservering. Me har også scene og lyd/lys samt projektor og lerret. Me har også andre oppvarma rom som kan brukast som grupperom ved behov.

Låven

Låven blei bygd rundt år 1920 og var tidlegare brukt til sauehold. No er den restaurert, men me har vald å behalde opprinnelege delar, som gjer at den får eit historisk sus over seg. Me kan ta imot gjester opp til 80 personar til matservering inne. Me har også scene og lyd/lys samt projektor og lerret.

Baren

Baren i låven blei tidlegare brukt til mjølkekyr, og er ein stad for opplevingar med minner frå garden 100 år tilbake i tid. Her har me hengt opp det meste av bilete og reiskapar, samt ein god avslappa belysning som skapar flott stemning og atmosfære. Interiøret i baren er naturressursar frå garden.

Uterom

Det er et overbygget uteområde som høyrer til lokala. I utserveringa er både bord og benkar laga av tre frå garden. Her kan ein nyte sol og omgjevnader med lydar frå dyra i alle retningar.

Ureist mat

På garden har me utegåande ullgris, wagyu, spælsau og villsau, og fokuset er å levera gode opplevingar med nærleik til naturen og dyra. Vår spesialitet er «tre frå Træ», som me serverar i selskap og lag ein meny med tre kjøttprodukt frå eigen gard. I gardsutsalet som ligg under løa kan gjester også koma innom for å kjøpe med seg lokale spesialitetar heim. Ta kontakt for gjeldande meny, me endrar den etter årstid og behov.

Hytteutleige

Tilhøyrande garden har me også to hytter som går under namna Kløv og Fjellro. Kløv er ei villmarkshytte med 15 soveplassar fordelt på seks soverom og to bad, medan Fjellro har 10 soveplassar og eit bad. Begge hyttene er ein fem til sju minuttars køyretur frå Sand sentrum og ligg tett på eit rikt turnettverk.

Lurar du på noko, berre ta kontakt!