
Kløv
Villmarkshytte med 15 soveplassar, seks soverom, to stuer, to bad, eit kjøkken, vinterhage med utemøblar og italiensk pizzaovn. Gode moglegheiter for parkering og flotte turområde til fjells eller i møte med dyra på garden. Syv minuttar køyretur frå Sand sentrum.
Kløv ligg midt i starten på turar både til Hellandsnuten og Eidsliane rundt. Her kan ein velgje mellom sykling eller gåtur. Stor tomt med gjerde rundt for barn eller hund. Tre avdelingar; hytte, anneks og uteplass med tak, varme og pizzaovn. Syv minuttar i bil eller 20 minuttar å gå til Suldal bad. Kløv kan leiges som berre hytte utan anneks. Utvask og sengetøy kan leiges ut.